Om garden

GARDEN HAUKÅS 46/9 SI HISTORIE.

Haukåsgarden har ei historie som går attende til slutten av 1400-talet. Frå den tid og omlag 300 år framover er garden bøkselsbruk under Hustadgodset, det vil seie under Kongsgarden.
Første ætteledd av noverande eigar si slekt kom til Haukåsgarden i år 1683, då Knut Hansen – som var gift med Gjertrud Bjørnsdtr. Hoiem – begynte å drive garden.

I år 1710 var Haukåsgarden ein fullgard på 4 vog og 12 marklaug. I 1723 står det at garden eig sæter ein halv fjerding veg unna, og skog til ved, men også noe til ”husvære”. Samla på Haukås hadde dei 4 hestar, 11 kyr, 13 ungdyr og 18 småfe. Dei sådde 6 skjeppar bygg, 8 tønner havre, og dei slo 80 sommarlass med høy. Av dette dreiv Hans Knudsen (2. ætteledd og son til Knut Hansen) storparten.

Peder Knutsen, (4. ætteledd) , f. 1751 – gift med Karen Knutsdtr. – kjøpte garden:
I år 1773 kjøpte han ein del av presten Hans Strøm, og i år 1792 kjøpte han resten av Anne Catherine og Gjertrud Dorothe Eeg. Dette var slutten på omlag 300 år med bøkseldrift på garden.

Knut Pedersen (5. ætteledd), f. 1796, var såleis første odelsarving til Haukåsgarden. Dette ga sjølvstende og respekt, for det var ein av dei første sjølveide gardane i bygda.
I daglegtale ble garden kalt ”Nør- Haukås”, og den fekk på slutten av 1800-talet bruksnummer 9 under gardsnummer 46.
Knut Pedersen tok over garden i 1810. Han flytta gardstunet frå den eldste delen av garden til dit husa står i dag. I løebygningen er det rissa inn året 1829, mest sannsynleg det året løa blei flytta dit ho står i dag. Nord for våningshuset som står her i dag, er det ein gamal husmur. Det var her det første huset på tunet sto, og dette var det Knut Pedersen som flytta hit. Det er fortald at huset var fint stelt etter tida, med malte dører og vinduslister. Denne første husbygningen står i dag på Haukås vestre som ein del av våningshuset der.
Knut Pedersen var første ordførar i Fræna Kommune i 1840 – 1845.

Våningshuset som står på Haukås i dag, er bygd ca. 1880. Det er brukt tømmer frå minst to gamle årestuer, og tømmeret kan vere så gamalt som frå 1600–talet.

8. ætteleddet, Ole Olsen f. 1888, var siste generasjon som budde i det gamle våningshuset. Han budde i huset til 1971, då han flytte inn i nytt hus litt lengre ned i bakken.

I 1942 tok Martin Olav Eidem , 9. ætteleddet, f. 1915 over garden. Han var Ole sin søstersønn, sønn av Karen f. 1887.
I nesten 30 år dreiv Ole og Martin kvar sin del av garden. Martin – gift med Sofie f. 1921 – bygde etter andre verdskrig hus og løe på tuftene etter kårhusa på Haukås. Desse var tidlegare flytta.
Ole O. skreiv under ein handgivelse der Fræna Kommune fekk kjøpe dei gamle husa på Haukås med 3 mål tomt rundt, og området skulle nyttast til bygdetun. Tunet fekk gardsnummer 46, bruksnummer 60. Dei neste 50 åra har Kommunen eid ”Frænatun”.

I 2004 fekk 10. ætteledd på Haukås 46/9, Ola Eidem – gift med Berit – ein leieavtale med Fræna Kommune for å kunne nytte tunet og husa til utleieformål. I desember 2014 bestemte Fræna Kommunestyre at g.nr. 46, b.nr. 60 skulle tilbakeføres til eier av g.nr. 46, b.nr. 9, og fra 2015 eier og driver vi Haukås som selskapslokale. Vi ønskjer slik at husa kan nyttast vidare.

No comments

Leave a Reply